Grisen står og hyler
I den stille kveld
Den skal ikkje slaktas
Men hyler likevel
Fir- og tjue kråker
Sit på ein madrass
Ennå ei vil sitje
Men det er ikkje plass
Og månen står og lyser
Rund og feit og kvit
Og reven kjem frå skogen
Og luskar hit og dit
Fiskane i havet
Søv og drøymer søtt
Nøkken nedi tjernet
Har eg aldri møtt
Mor og far har lagt seg
Eg er vaken eg
No klatrar eg ut glaset
Så spring eg bort til deg
Og mens grisen står og hyler
Og månen lyser kvit
Sit du og eg på taket
Og ler og pratar skit
Ja mens grisen står og hyler
Og månen lyser kvit
Sit du og eg på taket
Og ler og pratar skit